Asplan Viak AS

Vil du forme framtidas VA-løysingar frå Sogn og Fjordane? Bli med på laget hos Asplan Viak i Leikanger!

Ingeniør/sivilingeniør

Vi søkjer deg som brenn for vassforsyning, miljø og berekraftige løysingar! På Leikanger ser vi etter ein sivilingeniør eller ingeniør som vil vere med å styrke vårt framoverlente fagmiljø innan vatn og avløp. Du får jobbe tverrfagleg med utfordrande og samfunnsnyttige prosjekt – frå overordna VA-planlegging og prosessanlegg, til BIM og modellering. Vi tilbyr eit sterkt og sosialt fagmiljø, med fleksibel kvardag og høg fagleg utvikling. Asplan Viak er eit innovativt og ansvarleg rådgjevingsselskap med berekraft og teknologi i sentrum. Hos oss får du utvikle deg – og samfunnet.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse og interesser: 

  • Overordna planlegging og detaljprosjektering av overvassløysingar og infrastruktur for vatn og avløp. 
  • Prosjektering av prosessanlegg for vatn- og avløpsrensing, slambehandling og avfallshandtering. 
  • Vassdragsplanlegging. 
  • Vassmiljø- og forureiningsproblematikk.
  • Utarbeide byggjeplanar for samferdselsprosjekt og VA-anlegg.
  • Modellbasert prosjektering / BIM.
  • Utarbeide beskrivelsar og konkurransegrunnlag. 
  • Prosjekterings- og fagansvar i tverrfaglege prosjekt. 
  • Prosjektleiing av VA-prosjekt.
  • Oppfølging på byggjeplass/byggjeleiing. 
  • Modellering av VA-nett og dimensjonering av VA-leidningar, systemanalysar, trykkstøt, fordrøyingstiltak.

Kvalifikasjoner

Krav:

  • Ingeniør/sivilingeniør innan VA eller relevant fagområde
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Interesse for berekraftige løysingar og teknologi

Ønskelig:

  • Erfaring frå VA-faget, offentleg eller privat sektor
  • Kjennskap til modellerings- og prosjekteringsverktøy
  • Bakgrunn innan vassmiljø eller samferdsel

Vi ynskjer deg med solid erfaring frå VA-faget og vassmiljø, men nyutdanna med VA-teknisk utdanning er òg velkomne til å søkje.

Vi tilbyr

  • Fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Variert arbeid med stor påverknad på eigen kvardag
  • Konkurransedyktige vilkår og solide pensjonsordningar
  • Fem veker ferie + fri i påskeveka og romjula
  • Studieturar, fagsamlingar og sosiale arrangement
  • Ein spennande arbeidsplass i vakre Sogn og Fjordane

Hos oss får du ei variert arbeidshverd med både sjølvstendig ansvar og tett samarbeid i tverrfaglege team. Vi kombinerer kontorarbeid med feltbefaringar og byggjeplassoppfølging, og du får delta i alt frå tidleg planlegging til ferdig løysing.

Kvifor bør du bli ein del av oss?

Eit sterkt fagmiljø – Du får jobbe med nokre av landets fremste VA-ekspertar og lære av dei beste.
Sosialt og inkluderande – Vi har studieturar, fagsamlingar og eit aktivt sosialt miljø.
Gode betingelser – Konkurransedyktig lønn, solide pensjonsordningar og fleksibel arbeidstid.

Om Asplan Viak
Asplan Viak er det største norskeigde rådgivingsselskapet innan arkitektur, plan og infrastruktur. Med over 1300 tilsette fordelt på 32 kontor, jobbar vi for berekraftige samfunn over heile landet. Vi er eigd av ein stiftelse, og all verdiskaping går tilbake til fagleg utvikling og innovasjon.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.05.2025

Arbeidssted:

Leikanger

Kontaktpersoner:

Gruppeleder Karl-Erik Johnsen

tlf: +47 95 73 97 28

Adresse:

Sognefjordvegen 40 6863 Leikanger

Kart: