Plan Leikanger søker erfaren medarbeidar
Arealplanleggar
Asplan Viak ønsker no å styrke oss ytterlegare innan arealplanlegging i Leikanger – det er mange spennande oppdrag på gang regionen. Vi søker etter ein erfaren medarbeidar innan arealplanlegging, med god kjennskap til planprosessar, og utarbeiding av detaljplanar med ulikt omfang og kompleksitet.
Hos oss vil du få utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag, utvikling og karriere.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Oppdragsleiar/ fagansvarleg for planer og prosesser etter PBL
- Utarbeiding av reguleringsplanar med tilhøyrande formelle plandokument
- Idé-utvikling, tomteanalysar og moglegheitsstudier
- Bidra i tverrfaglege team i arbeidet med heilskaplege og bærekraftige løysningar i byar og tettstader
- Rådgiving og støtte til oppdragsgivar
- Koordinering av andre fag som inngår i planleveransen
Vi ser etter deg som er ein lagspelar med gode samarbeidsevner, men som også evner å jobbe sjølvstendig og strukturert. Du må kunne sjå heilskap og moglegheiter, og søke gode gjennomførbare løysningar på utfordringar ein møter som planleggar. Vidare er du initiativrik og ansvarsbevisst, og har følgande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning frå høgskule/universitet
- God framstillingsevne i norsk muntleg og skriftleg
- Erfaring frå planarbeid for private og offentlege oppdragsgivar
- Erfaring med arbeid i tverrfaglege prosjektteam
Ein raud tråd hos Asplan Viak er eit godt sosialt og tverrfagleg miljø. Videre tilbyr vi også:
- Fagleg interessant miljø med mot, glød og respekt som våre kjerneverdiar
- Dyktige og hyggelege kollegaer i et stort, tverrfagleg miljø
- Konkurransedyktig lønn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid, fem veker ferie, fri arbeidsdagane i påskeveka og romjula
- Studieturar/fagsamlingar og ulike sosiale arrangement
Kven er vi
Asplan Viak har som mål å være den fremste arena for samfunnsutvikling, og vi har eit stort fokus på heilskapleg bærekraftstenking når vi planlegg og gir råd. Det å tenke på dei som kjem
etter oss er viktig. Vi tar ansvar for å bidra til samspel og dialog mellom ulike aktørar, og å aktivt delta i arbeidet med å komme frem til gode løysningar på dei samfunnsutfordringane vi til ei kvar tid står overfor.
Vi har eit av Norges største og sterkaste fagmiljø innanfor arealplanlegging, og by- og stadutvikling, med over 200 dedikerte medarbeidar landet rundt. Vi jobbar med alle faser av by- og stadutvikling, fra moglegheitsstudier til detaljregulering. Vi gjennomfører og leiar store planprosessar, lagar arealplanar etter PBL og utviklar berekraftige og kreative konsept og løysingar. Planlegging fordrar visjonære idear, tverrfagleg samarbeid og evne til å løyse komplekse oppgåver. Planmiljøet i Asplan Viak bistår i alle planfasar og vi kan tilby kundane våre ei lang rekke analyseverktøy og metodar for kartlegging og informasjonsinnhenting. Vi jobbar i tett fagleg samarbeid med både analyse, utredning, landskapsarkitektar, arkitektar, og tekniske fag.
Asplan Viak skal vere ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass. Vi ønskjer alle kvalifiserte kandidatar velkomne til å søkje, uavhengig av kjønn, bakgrunn eller funksjonshemming.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heltid/Deltid:
Heltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.11.2024
Arbeidssted:
Leikanger
Kontaktpersoner:
Monica Stoknes, Gruppeleder
mob: 91747092
Regionleder Vest- Kjerlaug Marie Kuløy
tlf: +47 93860795
Hjemmeside:
http://www.asplanviak.noAdresse:
Sognefjordvegen 40 6863 Leikanger